Novelleanalyse
Bundet til et tre i skogen
Novella ”Bundet til et tre i skogen” er skriven av Karin Steen. Denne novella er ein del av novellesamlinga ”døtre” som blei gitt ut i 1980.
Ho er ein forfattar som skriv mange forskjellige sjangrar. Ho har blant anna skrive ” Vinterhagen” som er eit dikt. ” Maria Waters verden” som er ein roman. Et essay som blei gitt ut i 2000 som heiter ”Klassereise.“
I novella ”Bundet til et tre i skogen” får hu høyra om eit eksempel om at det ikkje alltid er lett å vera liten. Særleg ikkje når frykten frå dei som er større enn deg kan vera så skremmande.
Historia fortel om ein gut og ei jente som skulle til mogopplassen for å plukka blomar ein vinterdag. Då dei var på veg heim møter dei to eldre gutar, som heiter Lyder og Åge. Dei er veldig stygge mot dei, spesielt den stakkars guten.
Lyder og Åge tar av kleda hans, bind han til eit tre med maurtue og tisser på han. Mens den lille jenta blir halt, slik at ho ikkje kan gjera noko.
Dei får streng beskjed då gutane forsvinn frå plassen : ”Sladere dere , kommer vi å dreper dere”
Novella har ein autoral synsvinkel. Den som fortel er ikkje med i hendinga, men står utanfor og fortel om alt som skjer. Dette gjer at det blir ein autoral synsvinkel av novella. Virkinga på at det er brukt ein autoral synsvinkel gjer at du får større innvirking om kva som skjer med alle, og mindre med deg kva dei tenker og føler.
Handlinga i novella er kronologisk. Den byrjar med at dei går inn i skogen og sluttar med at dei går ut av skogen. Man får eit inntrykk av at dette har skjedd før, at dei veit kven desse gutane er og kva dei kan gjera mot dei . Med ein gong Åge og Lyder kjem til syne spring dei så fort dei kan. Det er klare kontrastar i teksten, mellom guten og jenta som eg vil definera som snille og Åge og Lyder som er slemme.
Vendepunktet i teksten kjem når dei er på vei heim frå mogoplassen, og dei møter på Åge og Lyder . Dette byggjer seg opp til eit klimaks, då dei blir mishandla av dei store gutane.
I teksten får du ikkje vita så mykje om personane, verken kva dei heiter eller korleis dei ser ut. ”Hun hadde lusekofte og foldeskjørt og hadde sluttet med lue og hadde tre hårspenner i håret. Han hadde blå kjeledress og votter” dette gir meg inntrykk av at dei er rundt 9 år gamle. Uskuldige og redde.
Åge og Lyder derimot er ikkje akkurat uskuldige, men kanskje usikre på seg sjølv, og for å føla seg store og sterke er dei stygge mot dei små ungane.
Personane forandra seg plutseleg frå glade til livredde, då dei såg Lyder og Åge koma mot dei. Det at det er vinter og kaldt får det til å verkja endå verre for han, når han blir kledd naken.
Verkemiddel som er brukt i teksten er kontrastar. Kontrasten er mellom liten, uskuldig og store,slemme. Metafor er også brukt i teksten : ” Hvis de begynnte å løpe kunne noen ta dem. Det var akkurat som hunder.” Motiv , tema og bodskap er også med i teksten.
Språkbruken er også med som eit verkemiddel. Der det er brukt negavtive ord som: flammande, drep, døy, redd og pisse. Positive er også med i teksen som : sol, hemmeleg, varm, roleg og blomar.
Bruken av desse verkemidla gjer at du lever deg meir inn i teksten og at han blir meir fengande. Det blir brukt mange språklige verkemiddel for å fortelja om urett i verda, som mishandling og undertrykking.
Temaet i novella er redsel og hjelpesløyse. Dette kjem fram gjennom det den lille jenta opplever. Ein annan del av temaet kan vera det sinnet og undertrykkinga guten opplever. Dei små blir urettferdig behandla og får ikkje vera i fred.
Bodskapen kan vera kor forferdeleg barn kan oppføra seg mot kvarandre, og korleis mobbing føregår i praksis.
Etter å ha lest denne teksten, sit eg igjen med ei oppfatting om kor fælt det kan vera å bli mobba og mishandla.
Eg tykkjer teksten var lettlest og spanande.
søndag 18. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar